Ekstra vegstenging FV. 618 Salt - Rundereim tysdag 22.10 kl. 18:00-20:00

Informasjon frå Kveen AS:  

Viser til pågåande vegarbeid og vegstening på FV. 618 Seljevegen. Det er planlagt ei større stenging tysdag 22.oktober:

Fv. 618 Salt - Rundereim blir stengt i 2 timar mellom 18:00 og 20:00 tysdag 22.oktober. 

Det vil ikkje vere passeringsmoglegheiter for nødetatar i dette tidsrommet då det er ein stor fjellknaus som skal sprengast ned. Steinspreng vil stenge vegbana. 

Det kan verte forsinkelsar. 

Ved spørsmål ta kontakt med Kveen AS på tlf. 57 87 20 00.