Farevarsel oppgradert til raudt

Farevarselet for regn, jord- og flaumskred er oppgradert til raudt nivå for delar av fylket. Ekstremvêret har fått namnet Jakob.

Det er venta store mengder nedbør over Vestland frå natt til torsdag, og det kan føre til overfløyming, flaum og skred. Vi oppmodar alle om å halde seg oppdatert for varselet på www.varsom.no.

Som følgje av dei store mengdene nedbør kan det bli stor vassføring i elver og bekker. NVE oppmodar difor om at folk held god avstand, fordi det raskt kan oppstå erosjonsskadar eller flaum, eller bekker/elver kan ta nye løp.

Folk vert oppmoda om å følgje med på kritiske/sårbare punkt og infrastruktur som ein ut frå tidlegare erfaring har sett er utsett ved den type vêr/naturhendingar som er varsla, og gjer eventuelle førebyggande tiltak som kan bidra til at vatnet kan renne fritt i det naturlege løpet. Det kan t.d. vere å reinse stikkrenner, rister, kulvertar, bekker og andre vassvegar.

Stad kommune har tett dialog med relevante aktørar og deltek i samordningsmøte med Statsforvaltaren m.fl. for å sikre lik situasjonsforståing og deling av informasjon mellom dei involverte. Kommunen rapporterer til Statsforvaltaren om situasjonar som måtte oppstå og om tiltak som vert sett i verk.  

Statsforvaltaren og fylkeskommunen vil kome med fortløpande informasjon om status på vegnettet. Oppdatert informasjon er å finne på www.vegvesen.no 

Torsdag 30.10 kl. 15.40 
Fylkeskommunen orienterer om at dei følgjer opp farevarsla:

  • Dei vidaregåande skulane er i dialog med aktuelle kommunar, og følgjer råd og vurderingar frå kommunane. Det vil bli gjort fortløpande vurderingar knytt til vegsteningar og skuleskyss utover ettermiddagen og kvelden. Skulane vil informere elevar og tilsette på sine nettsider og meldingar så langt som råd.
  • Skyss er i tett dialog med kommunane og vurderer fortløpande behov for alternativ transport (i hovudsak knytt til skuleskyss).
  • Fylkeskommunen gjer fortløpande vurderingar knytt til vegnettet. Dei har grunna melding om uvêr og skredfare bestemt at dei vil stenge følgjande vegar i Sogn preventivt i kveld kl. 22.00:
    • Fv.5600 Vik – Framfjorden
    • Fv.5602 Vangsnes – Fresvik
    • Fv.5623 Gudvangen – Bakka
    • Fv.5625 Aurland (ved Volda) – Skjerdal
    • Fv.5637 Skjolden – Urnes

 

Torsdag 31.10 kl. 12.40
Fylkeskommunen har sendt ut varsel om stenging av tre fylkesvegar i Nordfjord:

Desse vegane blir preventiv stengd kl. 18.00 i kveld 31.10.2024 p.g.a. store nedbørsmengder.  Ny vurdering i morgon 01.11.2024 kl. 08.00.

  1. 5723 Lodalen (Sande-Bødal)
  2. 5724 Oldedalen (Sandnes-Rustøen)
  3. 5744 (Navelsakerstranda)
     

Viser elles til www.vegvesen.no for oppdatert informasjon