Forvarsel om stor snøskredfare for Vestland

Kommunen har motteke varsel frå NVE om stor snøskredfare på Vestlandet og Sunnmøre 16.-17. desember.

Det er laurdag 16.12.2023 og søndag 17.12.2023 moglegheit for STOR snøskredfare, faregrad 4, i Vestland fylke.
Det er også auka fare for flaum og jord-, sørpe- og flomskred i store delar av fylket.

Det er venta ei nedbørsmengd på 50-80 mm over 24 timar og stigande temperatur. Mange stadar vil nedbøren kome som regn høgt til fjells. På grunn av mykje nysnø i høgda, er det sannsynleg med naturleg utløyste skred. Utbreiinga og størrelsen på skred vil i stor grad vere bestemt av mengda nysnø, noko som kan gje store lokale variasjonar. Det er fortsatt lite snø i terrenget slik at store skred foreløpig er lite sannsynleg. 

Det er allereie varsla snøskredfare på raudt nivå i regionane Indre Fjordane, Indre Sogn og Voss, og det vil truleg kome varsel om jordskredfare på oransje nivå i løpet av dagen.

NVE ber beredskapsaktørar og innbyggjarar som bur utsatt til om å gjere førebyggjande tiltak. I område med høg snøskredfare er det viktig å halde seg unna skredterreng.

Frå Snøskredvarslingen, NVE

Sjå www.varsom.no/snoskred/varsling for meir informasjon og oppdateringar.
https://www.varsom.no/nyheter/nyheter-flom-og-jordskred/det-blir-mye-regn-og-farevarsler-for-helgen-i-vest-og-nord/