Frivilligkveld 22.03.2023

Kvelden den 22. mars vart det gjennomført ein Frivilligkveld i grendahuset på Bryggja. I godt selskap vart det diskutert korleis ein kan synleggjere utfordringar og oppgåver som frivillige lag og organisasjonar og kommunen kan løyse i lag. Målet for kvelden var å bli godt kjende med kvarandre gjennom å diskutere tankar og løysingar for felles utfordringar. 

Agenda

Velkomen

- Astrid Paulsen (kommunalsjef Kultur og Samfunn)

- Barbro Longva (kommunalsjef helse og omsorg)

Kulturinnslag

Praktisk informasjon

Foredrag frå eit utval frivillige i Stad

Diskusjon og samarbeid på borda med felles oppsumering

Dei frivillige vart fordelt utover 13 bord, kor kvart bord hadde ein representant frå kommunen som prosessleiar. 

Etter inspirasjonsinnlegga vart det både uformell prat og dialogsamtalar med utgangspunkt i kva ønskjer og utfordringar dei ulike laga/organisasjonane har, og korleis ein kan samarbeide om å løyse desse. Kvar gruppe skrev inn sine innspel på Mentimeter.

Eventuelle innspel som ikkje vart sendt inn gjennom Mentimeter vart gruppemedlemmane oppmoda til å skrive på lappar og levere til bordets prosessleiar som inkluderte desse i oppsummeringa. 

Under finn de ein oppsummering av innspela ein fekk samla inn under dialogsamtalane: