Fugleinfluensa påvist i Nordfjord

Fugleinfluensa er påvist blant villfugl langs kysten og det kjem inn mange meldingar om døde fuglar også i Nordfjord. Virussjukdommen er svært dødeleg for fuglar og kan også smitte til andre dyreartar.

Døde eller sjuke fuglar

Har du oppdaga døde eller sjuke fuglar?

Då skal du varsle Mattilsynet på e-post innmelding.fugleinfluensa@mattilsynet.no om dei sjuke eller døde fuglane av disse artane:

  • andefuglar (ender, gjess og svaner)
  • havsuler
  • måkefuglar
  • vadere
  • rovfuglar (spesielt ørn og musvåk)
  • åtseletere (kråkefuglar)

Det er viktig at du informerer til Mattilsynet så nøyaktig som mogeleg kvar fuglen er funnen og kvar den kan hentast. Oppgi kommune, adresse og helst også kartreferanse som du kan finne i kartfunksjonen på mobiltelefonen din. 

Les meir om fugleinfluensa og kva du skal gjere på Fugleinfluensa | Mattilsynet

Mattilsynet vil vurdere om fuglene skal undersøkes for smitte, men det er uansett viktig at du varsler oss.

Innsamling av døde fuglar

Etter melding til Mattilsynet skal kommunen samle inn døde fuglar i spesial-containerar. Containerane vert sende vidare til forbrenning.

Du finner elles også god informasjon om fugleinfluensa på FHI sine sider.