Fugleinfluensa påvist på fugl i Stad kommune

Mattilsynet melder om to tilfelle av fugleinfluensa på daude fuglar testa i Stad kommune. Det er også påvist smitte på daud fugl i Kinn og Gloppen.

For å avgrense spreiing av fugleinfluensa er det viktig at du melder frå til Mattilsynet dersom du oppdagar daude eller sjuke fuglar og mistenker fugleinfluensa. 

Du melder frå ved å sende e-post til innmelding.fugleinfluensa@mattilsynet.no om desse artane:

  • andefuglar (ender, gjess og svanar)
  • havsuler
  • måsefuglar
  • vadarar
  • rovfuglar (spesielt ørn og musvåk)
  • åtseletarar (kråkefuglar)
  • småfugl (kun ved mange døde fuglar på eit lite område)
  • rovdyr (primært observasjon av sjuke eksemplar av raudrev, fjellrev, artar i mårdyrfamilien, gaupe, sjå symptom)
  • sjøpattedyr (ønskjer primært melding om observasjon av sjuke eksemplar av steinkobbe og havert, sjå symptom)

Meldinga til Mattilsynet må ha informasjon om:

  • kommune, postnummer, adresse og helst også kartreferanse (som du kan finne i kartfunksjonen på mobiltelefonen din)
  • kva art det gjeld
  • kor mange fuglar det gjeld

Sjølv om viruset svært sjeldan smittar til menneske er det viktig at ved tilfelle der du mistenker fugleinfluensa ikkje tar på fuglen eller lar kjæledyr kome i kontakt med den. Sjuk fugl skal vere i fred.

Utfyllande informasjon om fugleinfluensa og korleis handtere mistenkte tilfelle finn du hos Mattilsynet. Les gjerne gjennom spørsmål og svar til befolkninga for å lære meir.