- Det er svært gledeleg å sjå Stad kommune på 25. plass på Kommunebarometeret 2023. Dette tyder på at vi arbeider godt innanfor alle 12 sektorane som er målt gjennom 155 ulike nøkkeltal. Som kommunedirektør er eg stolt over dette laget av tilsette og leiarar som klarer å levere så gode tenester i det som er ein ny kommuneorganisasjon. Vi har arbeidd hardt desse åra for å få ein velfungerande organisasjon som gir gode tenester i heile kommunen. Ein av grunnane til det gode resultatet er at vi gir tenester til forholdsvis låg kostnad. Utfordringa framover blir at det kan bli svært krevjande å behalde denne plassen om vi må kutte ytterlegare i både drift og investeringar, seier kommunedirektør Åslaug Krogsæter.