Gratis familiedag i Operahuset Nordfjord!

Laurdag 9. september kl. 11.00-14.00 arrangerer Operahuset Nordfjord, Stad kino og Stad bibliotek Nordfjordeid gratis familiedag i Operahuset Nordfjord.

Velkomen til konsert, kino, bibliotek, minikafé, teiknebord, legobord og rebusløp! 

Vi er glade for å invitere alle barnefamiliar til ein superkjekk laurdag i storstova vår.
 

Plakat for gratis familielaurdag - Klikk for stort bilete








Program

Kl. 11.00-14.00: Minikafé med sal av popcorn, sveler, kaffi og kioskvarer. Teiknebord, legobord og rebusløp.

Kl. 11.00-14.00: Ope bibliotek

Kl. 11.30: Gratis kino

Kl. 13.00: Gratis konsert med Mandarinsaft i operasalen
 

Bandet Mandarinsaft har drive med musikk for barn sidan 2011, då bandet gav ut si første plate. Sidan den gong har dei spelt over tusen konsertar på festivalar, kulturhus, skular og i barnehagar og bibliotek. Dei to siste barneplatene, «På vei te en venn» (2018) og «Puteslott» (2022) vart begge nominert til Spellemannpris. Bandet er sett saman av Even Moen Jenssen (gitar, trommer, vokal), Bendik Ulla (gitar, vokal) og Johannes Rosmo Kuvås (bass). Dei gler seg til å ta born og vaksne med seg inn i sitt leikne musikkunivers. Kanskje byr dei også på eit møte med den skumlaste dinosauren av dei alle…spinosaurus! www.mandarinsaft.no

Arrangementet er eit samarbeid mellom Operahuset Nordfjord, Stad kino og Stad bibliotek, og får støtte frå BUFdir.

Hjarteleg velkomne til små og store!