Grøftearbeid mellom Fossevegen og Fargarelva

Stad kommune har sett i gang graving av overvassgrøft mellom Fossevegen og Fargarelva. 

Arbeidet startar i vest ved Fargarelva og fortsett austover mot Fossevegen. Arbeidet vil vere ferdigstilt ved utgangen av mars 2025.

Tiltaket vil kunne medføre redusert framkomst i området. Kart under syner planlagt grøftetrasé. Tilkomstveg for anleggstrafikk er via Fossevegen/Kvernhusvegen og på oversida av Golvsengane (gult). Gåande/syklande vil bli omdirigert når prosjektfasen tilseier dette. Skilt blir satt opp. Det vil etter kvart også bli behov for å omdirigere trafikken som skal til eigedomane langs Kvernhusvegen. Informasjon om dette blir sendt ut i forkant av omlegginga.

Bakgrunn for arbeidet

I samband med arbeidet med temaplan for overvatn, blei det i 2022 utarbeidd ein fagrapport med kartlegging og berekning av kapasitet på eksisterande overvass-system, og forventa overvassmengder i bestemte område på Nordfjordeid.

Eit av tiltaka som var anbefalt var å etablere ei ny avskjeringsgrøft mellom Fossevegen og Fargarelva for å avlaste eksisterande overvassystem som går frå nedre del av Myklebuståsen, gjennom Golvsengane.
 

Plankart over Golvsengane  - Klikk for stort bilete