Høyring av forslag til ny forskrift om hausting av tare i Rogaland og Vestland - Høyringsfrist 12.04.2023

Rogaland og Vestland fylkeskommunar har sendt forslag til ny forskrift om hausting av tare i Rogaland og Vestland på høyring. I desse fylka er det ein haustesyklus på 5 år, og ny forskrift må fastsettast i god tid før 1. september 2023.

Fylka har leia ei felles arbeidsgruppe som har arbeidd med revisjon av forskrifta. Forslaget til ny forskrift blir sendt på høyring før det vert sendt til Fiskeridirektoratet som skal utarbeide sjølve forskriftsteksten og setje i verk forskrifta.


I arbeidsgruppa sitt framlegg til ny forskrift er arbeidet avgrensa til inndeling av haustefelt, hausteplan, haustesyklus, forbodssoner/referanseområde. Verken inndeling av haustefelt, hausteplanar eller haustesyklus vert foreslått endra i denne revideringa. Fleirtalet i arbeidsgruppa vil ikkje føreslå å utvide dei områda der det skal vere forbode å tråle etter tare.

 

Haustefelta som finns i Stad kommune er 223C, 225D, 226E, 227A, 228B, 229C, 230D, 231E, 232A, 233B, 234C, 235D, 236E, 237A, 238B. Bokstavkoden bestemmer haustetida, sjå døme frå dagens forskrift:

For å nå fylkeskommunen si politiske handsaming av forslaget, må vi ha dykkar merknadar i saka
innan 12. april 2023.


De kan sende inn svar via innsynsløysinga til kommunen her på e-post til post@stad.kommune.no eller på papirpost til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Meir informasjon om saka finn de i brev frå Vestland fylkeskommune.