Info om busetting av flyktningar

Torsdag 24. mars ca. kl. 10.00 vil kommunedirektør Åslaug Krogsæter orientere Formannskapet i Stad om korleis Stad kommune arbeider med busetting av flyktningar frå Ukraina.

Vi oppmodar spesielt lag og organisasjonar om å følgje kommunedirektøren si orientering på kommune TV på denne lenka:

KommuneTV møte 24. mars

Vi vil i etterkant også legge ut lenka slik at orienteringa kan sjåast i opptak.

Det viktigaste de kan hjelpe til med akkurat no er å halde dykk oppdatert og dele informasjon frå Stad kommune, spesielt informasjonen om at vi framleis treng husvære til flyktningane.

All relevant informasjon om Ukraina og kommunen sin beredskap finn de på denne nettstaden. Denne vert oppdatert etterkvart som ny informasjon kjem til:

https://stad.kommune.no/aktuelt/ukraina-og-kommunen-sin-beredskap/

Framover vil det vere viktig at de bidreg med det de allereie er gode på; aktivitetar, møteplassar, dugnadar m.m. Frivilligsentralen si oppmoding til dokke er: Inviter fleire med i desse aktivitetane!

Over 100 organisasjonar i Stad har no sendt inn samtykke til å bruke og dele laget sin kontaktinformasjon. Alle dei har også fått invitasjon til å redigere sin profil på Stad foreningsportal. På denne måten vert de meir synlege og lettare å nå både for kommunen, dykkar nærmiljø og folk flest. Vi oppmoda dei som enno ikkje har fyllt ut og sendt inn samtykkeskjema om å gjere snarast. Det finn de her:

https://stad.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/lag-og-organisasjonar/kontaktinformasjon-til-lag-og-organisasjonar/  

Stad Foreningsportal finn de her: Stad foreiningsportal

Så, få med deg kommunedirektøren si orientering i morgon - torsdag, anten direkte eller i opptak. Ny oppdatert orientering vil bli gitt i Kommunestyret torsdag 31.03, og Frivilligsentralane vil halde fram med å sende ut informasjon med jamne mellomrom.