Infomøte om Stad skipstunnel 24. oktober kl. 19

​​​​Kystverket og Stad kommune inviterer til info- /folkemøte på Selje skule 24. oktober. Tema på møtet er status for prosjekt Stad skipstunnel, med eit spesielt fokus på pågåande planarbeid.

Møtet er først og fremst for dei som bur nært skipstunnelen, men alle som vil kome er sjølvsagt velkomne. Møtet vert ikkje overført digitalt. 

Foreløpig overordna agenda:

1. Status for prosjekt Stad skipstunnel, ved Kystverket
2. Informasjon om pågåande planarbeid, ved Stad kommune
3. Stad skipstunnel – frå bom til moglegheitsrom, «Ringverknadsprosjektet», ved Stad vekst 

Tid: kl. 19:00 - 20:30
Stad: Selje skule

I dagane rundt folkemøtet vil prosjektleiar Terje Skjeppestad og andre representantar frå prosjekt Stad skipstunnel vere på Stadlandet for møte med kommunar og mottakarar av steinmassar m.m.  

Er det andre som vil ha tak i prosjektgruppa desse dagane, berre ta kontakt med Kystverket v/Terje Skjeppestad.
Kontaktinfo: terje.skjeppestad@kystverket.no