Infomøte om Stad skipstunnel 27. februar

Kystverket og Stad kommune inviterer til informasjonsmøte om Stad skipstunnel i Kjøde og på Moldestad tysdag 27. februar. Tema på møta vil mellom anna vere prosjektstatus, siste nytt om reguleringsplanar og informasjon om anleggsgjennomføring.

Det blir møte både i Kjøde og i Moldefjorden. På Kjøde skule kl. 17.00-18.30 og i Moldestad grendahus kl. 19.30-21.00. Vel møtt!

Foreløpig agenda:

  • Status og framdrift i prosjektet, ved Kystverket
  • Informasjon om pågåande planarbeid knytt til Stad skipstunnel, detaljert gjennomgang. Kva er status for planane for tunnelområda og næringsområda på Kjøde og Lesto? v/Stad kommune.
  • Anleggsgjennomføring: Anleggsvegar, frakt av masser, støy og utfordringar, samarbeid og dialog mellom Kystverket, entreprenør og innbyggjararar m.m., v/Kystverket.
     

I dagane rundt folkemøtet vil prosjektleiar for Stad skipstunnel Terje Skjeppestad og kommunikasjonsansvarleg Sveinung Nedregotten vere på Stadlandet, der dei skal ha møter med kommunar og innbyggarar. Vil du ha kontakt med Kystverket og/eller kommunen desse dagane, ta kontakt med Kystverket for eit møte.

Kontaktinfo: Nedregotten, Sveinung E-post: sveinung.nedregotten@kystverket.no, mobil: +4792063154