Informasjon til eldre heimebuande og deira pårørande som kjenner på varmen

Heimetenesta har siste veka motteke ein del henvendingar frå heimebuande som kjenner på varmen vi har som utfordrande og lurer på kva dei skal gjere.

Tenesta kartlegg sjølvsagt kvar situasjon og følgjer opp om det er behov for helsehjelp.

Likevel ynskjer vi å minne alle om å tenke ekstra på sine pårørande i varmen og om dei har det dei treng. Til dømes kan ei vifte gjere varmen enklare å handtere for dei eldre heimebuande.

Vi må også minne kvarandre på å innta nok væske i denne perioden, ta gjerne kontakt med oss om det er spørsmål i høve dette.

Med vidare ynskje om ei god helg i varmen frå heimetenesta 🌞

 

Avdelingsleiar heimetenesta Nordfjordeid

Telefon 57 88 58 55

Telefontid kl.10.00 - 11.00 og 13.00-14.00. 

Avdelingsleiar heimetenesta Bryggja

Mobil 95 99 96 04

Ved spørsmål om behov for  heimetenester
eller praktisk bistand i heimen 

Telefontid kl. 10.00-11.00 og 13.00-14.00

Avdelingsleiar heimetenesta Selje/Stadtlandet

Mobil 41 00 22 06

Ved spørsmål om behov for heimetenester
eller praktisk bistand i heimen 

Telefontid kl. 10.00-11.00 og 13.00-14.00.