Innbyggjarundersøking for eit berekraftig reiseliv i Nordfjord

Visit Nordfjord og Nordfjordkommunane gjennomførar no ei felles undersøking for å kartlegge kva innbyggjarane meiner om utviklinga av reiselivet i Nordfjord. Målet er å skaffe innsikt som gjev svar på korleis ein skal sikre ei god og berekraftig utvikling av Nordfjord som reisemål og stad å bu.

- Prosjektet «Berekraftig reisemål Nordfjord» er eit politisk vedteke prosjekt i samtlege kommunar i Nordfjord. Bakgrunnen for prosjektet er at reiselivet i Norge må omstille seg til å bli meir berekraftig. Nordfjord er ein svært attraktiv plass i Norge å reise til, og for at reiselivet i Nordfjord skal klare å skalere opp i størrelse må det gjerast på ein berekraftig måte. Samtidig så er det ein veksande trend at turistar no ønsker å oppleve berekraftige opplevingar og ete lokal berekraftig mat, seier ordførar Gunnar Silden.

Merkeordninga «Merket som berekraftig reisemål» er ei merkeordning som er laga og eigd av Innovasjon Norge. I merkeordninga er det 104 indikatorar prosjektet må levere på. Dei fleste ligg i Miljø, sosiale forhold og økonomiske forhold (berekraft). Eksempel på dette er bl.a. at kommuneadministrasjonane skal bli Miljøfyrtårn og at vi skal fokusere på eit godt arbeidsmiljø for tilsette i reiselivet.

Visit Nordfjord er prosjektleiar og prosjekteigar av prosjektet. I tillegg er også alle kommunar representert i styringsgruppa, saman med reiselivet i Nordfjord, Vestland Fylkeskommune og Innovasjon Norge.

Oppmodar innbyggjarane til å delta

- I prosjektet vert det gjennomført tre undersøkingar. Ein for medlemar i Visit Nordfjord (utført april 2023), ein for gjestar (gjennomført sommaren 2023), og så denne som er for innbyggjarane i Nordfjord, seier prosjektleiar i Visit Nordfjord, Alexsander Fransson. Når alle disse tre undersøkingane er klare kan vi sjå korleis reiselivet i Nordfjord opplever berekraft, jobbar med det og kva dei treng hjelp til. Samtidig vil vi få svar på ser vi kva gjestane meiner, kva som er bra og kva dei meiner kan bli betre. Men vi må også ha informasjon fra innbyggjarane, dettee er kanskje det viktigaste i det store heile. Skal prosjektet bli ein suksess må vi finne ut korleis innbyggjarne ser på berekraft i regionen, og då med eit ekstra auge på reiseliv og turistar, avsluttar Alexsander, med ei stor oppmoding til innbyggjarane om å delta på dette!

Undersøkingane vil legge grunnlaget for ein Masterplan for Nordfjord og for den strategiske utviklinga i åra framover. I tillegg vil undersøkingane gje viktig underlag til Tålegrenseanalysa på cruise som no er igang.

Svar på undersøkinga om eit berekraftig Nordfjord