Innspel til utvikling av Eksersisplassen/Malakoff-området

Stad kommune er i gang med ein områdeplan for utvikling av Nordfjordeid sentrum. Det har difor blitt starta eit forprosjekt som skal kartleggje verdiar og interesser knytt til Eksersisplassen og Malakoff-området. 

Stad kommune ynskjer å skaffe oversikt over verdiar og interesser knytt til området, både historisk og i samtida. Tilbakemeldingane vil bli brukt til å kartlegge problemstillingar og tema som blir viktige å løyse, i tillegg til å utvikle mål og strategiar for utviklinga. Dette vil nyttast i arbeidet med å lage ein heilskapleg plan for utviklinga av Nordfjordeid sentrum. 

Medverknad

Gje innspel her

Ny frist for å gje innspel er 13. august.  

Bakgrunn

Malakoff-området har lang historie i Eida-samfunnet frå den tid det var eksersisplass for Eid og Hornindal under garden Osnes heilt tilbake til 1649. I nyare tid er området brukt til ulike  kulturarrangement og som felles «storstove» for innbyggjarane på Nordfjordeid. I 1981 vart Eid Hærmuseum, seinare Fjordane Forsvarsmuseum etablert her, og vart drive av frivillige fram til slutten av 1990-talet. 

Eksersisplassen vart utnemnd som Eid kommune sin tusenårsstad i år 2000, og husar fleire store utandørs arrangement som Malakoff Rockefestival, 17. mai og spelet Elskhug og Eksis.