Invitasjon til å kome med framlegg til medlemer til eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Stad kommune

Stad eldreråd

Eldrerådet er eit partipolitisk uavhengig rådgjevande organ for Stad kommune. Eldrerådet skal fremje eldre sine synspunkt overfor lokalpolitikarane og arbeide for at Stad skal bli ein god kommune for eldre. Pensjonistforeiningar, lag og organisasjonar/foreiningar kan kome med framlegg om medlemer og varamedlemer til Stad eldreråd for perioden 2023-2027.

·         Fleirtalet av rådsmedlemene skal ha fylt 60 år på valtidspunktet

·         Rådet peikar sjølv ut leiar og nestleiar som skal veljast ut mellom alderspensjonistane

Stad råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er eit partipolitisk uavhengig rådgjevande organ for Stad kommune. Rådet skal fremje menneske med nedsett funksjonsevne sine synspunkt overfor lokalpolitikarane og arbeide for at Stad skal bli ein god kommune for menneske med nedsett funksjonsevne.

Lag og organisasjonar/foreiningar kan kome med framlegg om medlemer og varamedlemer til rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i Stad kommune for perioden 2023-2027.

 Rådet peikar sjølv ut leiar og nestleiar. Desse skal ikkje vere medlemer i kommunestyret.

Framlegg kan sendast til post@stad.kommune.no eller til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid innan 01.11.2023