Jonsokbål 2023

David Mark fra Pixabay

Brannvesenet vil ikkje legge restriksjonar på årets jonsokfeiring i forhold til bålbrenning. Siste døgn har det kome litt nedbør som har dempa skogbrannfaren litt. 

Skogbrannfaren er på ingen måte over så alle som tenner  jonsokbål må vise aktsemd og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Ber om spesielt aktsemd i utmark, og i nærheit til tørr vegetasjon.

Brannsjefen treng ikkje noko meir tilbakemelding om kvar det blir brent jonsokbål.

Legg ved nokre generelle tips til trygg bålbrenning .

  • Ta hensyn til skogbrannfare og vindforhold
  • Det er alltid den som brenner bål som har ansvaret for brannsikkerheta.
  • Ha eigna slokkemiddel tilgjengelig
  • Det er forbudt å brenne plast, bygningsmaterialer og anna søppel.
  • Når du forlater bålplassen skal bålet være heilt slokt.

 

Til lukke med jonsok feiringa.

 

Helsing brannsjefen.