Kjenner du til reglane rundt køyring i utmark i hjortejakta?

Statens naturoppsyn har dei siste åra avdekka omfattande bruk av ATV under jakt og som transport til hytter. No blir tilsynet auka under årets jakt.

Hente ut felt vilt

Jegerar har lov til å nytte seg av ulike køyretøy for å hente ut felt vilt. Det vil seie at når hjorten er skoten og er død, så kan jegeren køyre ut i terrenget med motorkøyretøy for å frakte den tilbake.

Transport under jakt

Det er med andre ord ikkje lov å nytte seg av køyretøyet for å transportere jegerar og utstyr, eller under sjølve jakta, utan løyve frå kommunen.

Generelt

Felles for all køyring på barmark er at føraren skal, så langt det er mogleg, bruke eksisterande traktorvegar eller bruke eldre køyrespor i utmark. Dette for å redusere skadane på naturen.

Sjå nyheitssak frå Miljøtdirektoratet  Ulovleg ATV-bruk under jakt skal stoppast