Koordinator for kreft og alvorlege sjukdomar startar oppFrå fredag 1. november 2024 er Susanne Maria Hove på plass som nye koordinator i Stad kommune.Koordinator Susanne Maria HoveTilbodet er eit lågterskeltilbod for innbyggarane i Stad og vil i hovudsak vere eit tilbod for dei som er råka av kreft. Ettersom rolla også skal famne andre alvorlege sjukdommar, vil ein også jobbe med å finne gode måtar å inkludere andre aktuelle pasientgrupper.Koordinatoren vil ha ei koordinerande rolle i form av å vere ein fast kontaktperson for pasientar, pårørande, helsepersonell og andre. Koordinatoren vil knyte på naudsynte tenester og ta initiativ til å delta i tverrfaglege samarbeidsmøte ved behov. - Ressursen vil vere behovsstyrt og med individuelle tilpassingar, så det er berre å ta kontakt med Susanne om det er noko du lurer på. Vi veit at ein fast kontaktperson kan bety mykje i den nye kvardagen ein brått står i, med mange spørsmål og store utfordringar. Nokon treng praktisk hjelp medan andre ynskjer berre å ha ein person dei kan ha samtalar med, seier Linda Gotteberg som er einingsleiar for Helse i Stad kommune.Det er ikkje naudsynt å ha henvisning for å nytte seg av tilbodet.Susanne Maria Hove har kontor på Eid legekontor kvar onsdag og fredag, og ved Selje legekontor torsdag i oddetalsveker.Kontaktinfo:Telefon 48 11 78 84 Publisert 31.10.2024 15.11 Sist endra 31.10.2024 16.31