Kulturprisane 2023

Stad kommune deler ut ungdommens kulturpris og kulturprisen i siste kommunestyremøte før jul kvart år.

Du kan foreslå kandidatar til desse kulturprisane.

Frist: 01.11.2023

Tryggve Dyrvik

​​​​​

Kulturprisen

  • skal vere ein heider til mottakar og ei støtte for arbeidet med kunstnarleg og kulturell verksemd i kommunen.
  • kan gjevast til ein person, eller i særlege høve delast mellom fleire personar eller institusjonar heimehøyrande i Stad kommune. 
  • er sett saman av ein pengesum, blomster og ein diplom.

Ungdomens kulturpris

  • skal stimulere til vidare satsing, og skal vere med å dekkje utgifter i samband med konkurransar, samlingar, utdanning eller andre oppgåver.
  • kan tildelast ein utøvar, delast på fleire kandidatar, ei gruppe av utøvarar eller til ein ungdomsleiar som har oppnådd ein prestasjon, eit resultat eller eit nivå som er utanom det vanlege innan kulturlivet i kommunen.
  • skal gjevast til personar eller institusjonar heimehøyrande i Stad kommune. Mottakar av Ungdomens kulturpris må vere under 25 år og må vere busett i Stad kommune. For grupper må gjennomsnittsalderen ikkje vere over 25 år.
  • er sett saman av ein pengesum, blomster og ein diplom.

Enkeltpersonar, grupper eller organisasjonar kan kome med godt grunngjevne forslag til kandidatar gjennom heile året, men siste frist for innsending er 1. november kvart år. Tildelinga av kulturprisane blir offentleg når det faste utvalet for kultursaker har treft vedtak i saka, og blir utdelt i samband med det siste kommunestyremøtet før jul.

Ynskjer du å sende inn forslag kan du sende dette på skjema her:  Forslag til kulturpris

Kriteria for tildeling av kulturprisane

Tidlegare prisvinnarar (PDF, 66 kB)

Idrettsprisen