Markerte "Kva er viktig for deg?"-dagen 6. juni

Mykje smil og godt humør under gårsdagens «Kva er viktig for deg?-dagen»-arrangement på institusjonane og omsorgsbustadane i Stad kommune!

Kva er viktig for deg?"-dagen vert arrangert årleg i byrjinga av juni. I år var datoen den 6. juni, og dagen blei markert av helsepersonell både nasjonalt og internasjonalt.

- Markeringa skal minne oss om viktigheita av å innleie til gode samtalar med fokus på den enkelte bebuar/pasient sine ønsker og behov - og slik bidra til at alle blir sett på som likeverdige partar i diskusjonar og avgjersler som vedkjem den enkelte.
Målet med dagen er å oppmuntre til fleire gode samtalar mellom dei som gjev helse- og omsorgstenester og dei som mottek tenestene. Vi ønsker at våre tilsette skal vere flinke å lytte og til å forstå kva som er viktig for den enkelte pasient, seier Heidi Munch Starheim, einingsleiar for institusjonane i Stad.
Å flytte merksemda frå «kva er i vegen med deg?» til «kva er viktig for deg?» bidreg til meir aktiv deltaking i utforming av eigne mål, noko som fremmar både motivasjon, meistring og god helse for den enkelte.

På Hogatunet blei dagen markert med kjekke aktivitetar for dei eldre, med både rulatorløp, potetløp og konkurranse med bretting av klutar på programmet. Alle tilsette fekk utdelt buttons med teksten «kva er viktig for deg», og både pasientar og pårørande fekk moglegheit til å skrive lappar med innspel.

- Vil takke alle våre dyktige tilsette, med Siri Heggen (fagleiar) i spissen, for arbeidet med å legge til rette for ein kjekk og nyttig dag. Ikkje minst vil vi rette ei stor takk til engasjerte elevar, utplassert frå Eid ungdomskule, for all god hjelp med baking og gjennomføring av arrangementet! - Vi håpar dei alle let seg inspirere til ei framtid innan helse- og omsorgsyrket, avsluttar einingsleiaren.

Les om nasjonalt læringsnettverk for Det gode pasientforløp