NOMIL tek over drifta av gjenbruksstasjonen i Selje

Nomil overtek det faglege ansvaret for drift av gjenbruksstasjonen i Selje frå 01.05.2023. Stasjonen vert i utgangspunktet open for levering tysdagar frå kl. 13.-16.00.

Det er Stad kommune som fram til no har hatt ansvar for drift av stasjonen, både fagleg og HMS. Dette etter ein avtale mellom Selje kommune og Nordfjord miljøverk (NOMIL) om drift og leige av areal til gjenbruksstasjon for Selje kommune gjort i 2015.

Grunna aukande krav til forsvarleg handtering av avfall (kunnskap om avfall, handtering og miljø), har kommunen dei seinare åra hatt aukande utfordringar knytt til drift av gjenbruksstasjonen.

‑ Krav til kompetanse for å drifte miljøstasjonar aukar generelt, og det er ikkje mogleg å opparbeide seg nok kunnskap ved å jobbe på ein stasjon nokre få timar i veka. I samråd med Nomil er vi einige om at NOMIL no tek over driftsansvaret sjølve for å syte for at ein føl gjeldande lovverk, seier kommunalsjef for kultur og samfunn, Astrid Fossheim Paulsen.

Stad kommune har også pr i dag eit stort behov for å prioritere mannskapet i ytre til ordinære driftsoppgåver innan VA, Veg og eigedomsdrift der vi har eit stort etterslep på oppgåver.
- Drift av Nomil-stasjonen har kome i tillegg til ordinære driftsoppgåver innan eigedom med vaktmeister tenester, grønt vedlikehald,  vatn, avløp og vegdrift. Miljøstasjonen har hatt ope 8,5 t kvar veke, og kommunen har betent miljøstasjonen med 2 mann to dagar i veka. Stad kommune erkjenner at det har vore krevjande å innfri krav til kompetanse og HMS på stasjonen då det kun er mogleg å sette av 8-12 timar pr veke (pr mann) til arbeidet.

Stad kommune ser at det er ønskjeleg med ein gjenbruksstasjon i ytre del av kommunen, men erkjenner samtidig at open stasjon må driftast på ein forsvarleg måte, avsluttar Astrid F. Paulsen.

Opningstid for stasjonen vil i utgangspunktet vere frå kl. 13.00 – 16.00.
Første tysdag i månaden kan det leverast farleg avfall.