Open dag på brannstasjonen blir arrangert i veke 38 over heile landet som ein del av Brannvernsveka, og markerer starten på den Nasjonale brannøvinga.
– I vårt distrikt opnar Nordfjordeid og Stadlandet stasjon portane laurdag 21. september kl. 10.00 - 13.00 for både små og store som har lyst til å oppleve livet på brannstasjonen. Open brannstasjon er ein god tradisjon, og ein viktig arena for å gi nyttig informasjon om brannførebygging, seier branninspektørane Hans Olav Bø og Cato Reme .
– På open brannstasjon får både små og store lære om brannsikkerheit. I tillegg blir det konkurransar, demonstrasjon av sløkkeutstyr og moglegheit til å sitje i ein brannbil. Vi håper mange tar turen, og er klare for storinnrykk på brannstasjonen, sier Cato Reme.
Øving gjer meister
Skular, barnehagar og mange verksemder har krav på å gjennomføre jamlege brannøvingar. Det same kravet gjeld ikkje i private bustadar, sjølv om dei fleste farlege brannar oppstår nettopp der. Årlege øvingar der ein bur bidreg til at fleire veit kva dei skal gjere om ulykka først er ute. Det blir derfor oppmoda til at alle melder seg på den nasjonale brannøvinga. Sjå meir om dette og meld dykk på her: www.brannøvelse.no
Tips til brannøving heime
Ein brannøving treng ikkje vere komplisert eller innebere fysisk evakuering. Det er ofte lurt å starte med ein prat om korleis ein kan unngå brann, og kva ein skal gjere om det likevel byrjar å brenne.
- Ta ein prat med heile familien, f.eks. ved middagsbordet, om kva ein skal vere ekstra påpasseleg med for å unngå brann.
- Snakk om kva ein skal gjere om det likevel byrjar å brenne. Kva om det byrjar å brenne medan ein søv? Høyrer alle røykvarslaren? Tenk gjennom ulike scenario. Kva om det brenn i trappa? Kva er alternative rømningsvegar ut? Er det små barn, avtal gjerne kven som har ansvar for kva barn, og snakk med barna om at dei ikkje må gøyme seg om det blir dramatisk.
- Bli einige om ein trygg møteplass ute som alle kjenner godt, for eksempel ved postkassa eller det store treet på motsett side av vegen.
- Sjekk ulike rømningsvegar og at dei fungerer. Klarer alle å kome seg ned brannstigen?
- Sjekk at røykvarslarane fungerer som dei skal.
- Vit kvar brannsløkkeutstyret er plassert og korleis det skal brukast, og sjekk at det ikkje er gått ut på dato.
- Evaluer øvinga etter gjennomføring. Oppdagar de at ting ikkje fungerer som tenkt, er det viktig å justere planen og rette eventuelle feil.
Om Brannvernsveka
Brannvernsveka er eit samarbeid mellom Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) Gjensidigestiftelsen, samt brannvesen over heile landet.
Les meir om Brannvernsveka på https://brannvernforeningen.no/aktuelt/kampanjer/brannvernuka
Kontaktperson frå brannvesenet:
Geir Petter Hatlenes.
For spørsmål om den nasjonale Brannvernsveka og den nasjonale brannøvinga, kontakt:
Tor Erik Skaar, kommunikasjonsrådgjevar i Brannvernforeininga
Tlf: 917 24 306 / e-post: tes@brannvernforeningen.no