Over 350 brannstasjonar over heile landet inviterer til Open brannstasjon i samband med den årlege Brannvernveka. I vårt distrikt opnar Eid brannstasjon portane for store og små besøkande laurdag 23. september frå klokka 10.00 - 14.00. Open brannstasjon over heile landet er ein fantasktisk fin tradisjon, og det er ein viktig arena for å gje nyttig informasjon om brannforebygging, seier brannsjefen.
Hovudfokuset for Brannvernveka i år er ladevett og generell brannsikkerheim i heimen. På open brannstasjon får dei minste lære om brannsikkerheit. Det blir konkurransar, demonstrasjon av sløkkjeutstryr og det blir mogleg å sitte i ein brannbil. I tillegg stiller helseavdelinga med ambulanse. Vi håper mange tek turen, og at alle er klare for storinnrykk på brannstasjonen, seier brannsjefen.
Øv for å vere førebudd
Skular og barnehagar har krav om å gjennomføre brannøvingar jamleg. I heimen har vi ikkje det same kravet sjølv om dei fleste farlege brannane oppstår der. Det er derfor viktig å vete kva ein skal gjere ved brann eller tillaup til brann i heimen. Årlege øvingar i heimen gjer at alle i ein husstand i større grad veit kva ein skal gjere når ulykka først er ute.
Vi oppmodar alle til å bruke Brannvernveka til å prate om og øve på kva ein skal gjere dersom det byrjar å brenne i heimen. Det treng ikkje å vere vansklegare enn at de avtaler ein møteplass og avtalar kven som skal gjere kva. Vi ser at dei som har øvd på dramatiske hendingar er dei som taklar hendingar best, seier brannsjefen
Tips til brannøving heime:
Ei brannøving heime treng ikkje å vere så komplisert. Det viktigaste er å prate om korleis ein kan unngå brann, og kva ein skal gjere dersom det byrjar å brenne.
- Ta ein prat med heile familien, feks. ved middagsbordet om kva ein skal passe ekstra på for å unngå brann
- Prat om kva ein skal gjere dersom det likevel startar å brenne. Diskuter kva om det byrjar å brenne medan ein søv? Høyrer alle røykvarslaren? Tenk gjennom ulike scenarier. Kva om det brenn i trappa? Kva er alternative rømningsvegar ut? Er det små born så gjer avtale om kven som tar ansvar for det enkelte bornet og snakk med borna at dei ikkje må gøyme seg.
- Bli einige om ein sikker møteplass ute som alle kjenner godt, for eksempel postkassa eller søppelkassa
- Sjekk dei ulike rømningsvegane og at dei fungerer. Kan alle kome seg ned brannstigen?
- Sjekk at røykvarslarane fungerer som dei skal
- Sjå over brannsløkkingsutstyret, kvar er det plassert, korleis ein brukar det og sjekk at det ikkje er gått ut på dato
- Tenk gjennom og snakk om øvelsen etter gjennomføring. Dersom de oppdagar ting som ikkje fungerer som tenkt, er det viktig å justere planen og rette eventuelle feil
Om brannvernveka
Brannvernveka er eit samarbeid mellom brannvernforeninga, Dirketoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og forsikringsselkapet If
Les meir om brennvernveka her: