Open kontordag - detaljregulering for Stad molo - tysdag 14. januar 09:30 - 15:00

Stad kommune arbeider no med eit revidert planforslag for Stad molo og Leikanger indre hamn der omfanget av hamneområde, moloar og utfylling i sjø er noko redusert. 

Biletet under er ein førebels illustrasjon av alternativet, som vil bli lagt ut til ny høyring og offentleg ettersyn til våren.

illustrasjonsbilete NORDWEST3D

I samband med dette inviterer Stad kommune v/Plan og forvaltning til ein open kontordag på brannstasjonen på Leikanger tysdag 14. januar 2025. Besøkstida vert mellom kl. 09:30 og 15.00.

Ta kontakt med sakshandsamar Åse-Birgitte Berstad (ase-birgitte.berstad@stad.kommune.no eller  915 91 232) dersom du ynskjer å avtale møtetid innanfor det avsette tidsrommet. Vi er interessert i å høyre dykkar synspunkt om planane, og om de har viktig informasjon som må takast omsyn til i vidare planarbeid.

Det er òg mogleg å avtale videomøte (Teams) andre dagar, eller ta kontakt for konkrete spørsmål til planarbeidet.