Påminning om høyring - Detaljregulering for Stad molo og Leikanger indre hamn

Stad kommune minner om offentleg høyring av detaljregulering for Stad molo og Leikanger indre hamn. Høyringsfristen er 27. april 2025.

Visualisering av planforslaget til tredje høyring og offentleg ettersyn. Ill.: Nordwest3D

Høyring av revidert planforslag

Stad formannskap vedtok 7.  mars å legge revidert planforslag for detaljregulering for Stad molo og Leikanger indre hamn ut til tredje høyring og offentleg ettersyn. Vi minner om høyringsfristen som er 27. april 2025.

Du finn meir informasjon om høyringa og korleis du kan sende inn merknader på lenkene under. 

Mottak av steinmassar frå Stad skipstunnel

Stad kommune viser også til nyheitsbrev frå Kystverket den 28. mars, der dei opplyser om at Vanylven kommune har trekt Fiskåholmen som mottakar av steinmassar. Dette betyr at Stad molo kan få meir stein til sitt prosjekt. Nyheitsbrevet kan du lese her