Kva er regionale miljøtilskot?
Som ein del av regionalt miljøprogram kan bønder i Vestland søkje om regionale miljøtilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, skjøtsel av biologisk mangfald og kulturminne, miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel, klimarådgjeving og potet- og grønsaksproduksjon.
Beitelag kan søkje om tilskot til drift av beitelag. Tilskota skal stimulere til miljøvennlege driftsformer og produksjon av miljøgode for samfunnet. Dei er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak med landbruksproduksjon som oppfyller visse vilkår. Omtale av dei regionale miljøtilskota i Vestland finn du her.
Kven kan søkje?
Alle føretak som kan søkje produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksproduksjon i Vestland og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søkje. Føretak som er registrerte i andre fylke kan såleis søkje om tilskot, dersom dei driv areal eller har dyr på beite i Vestland. Beitelag som er registrerte i Einingsregisteret, og som oppfyller vilkåra som vert stilte i forskrifta, kan søkje om tilskot til drift av beitelag.
Søknadsinformasjon for RMP frå Statsforvaltaren i Vestland
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Landbrukskontoret; Odd-Harald Heggen, Bernt Reed eller Trine Alme tlf. 57 88 58 00