2025 er friluftslivets år, og då kan vi by på eit variert utval av turar for store og små – alt frå nærturar til lengre dagsturar i storslått natur. Målet er at det skal vere enkelt å komme seg ut, anten det er den daglege turen i nærområdet eller ei lengre utfordring i helga.
Stikk UT! er Norges største turtrim og vert arrangert som eit samarbeid mellom friluftsråda og medlemskommunane i kvart enkelt friluftsråd. Til sommaren 2025 er det 15 friluftsråd som har Stikk UT! i sine regionar, slik at du kan finne turar frå Lindesnes til Nordkapp.
Stikk UT! er gratis å vere med på, og alt du treng å gjere er å laste ned Stikk UT!-appen frå «App Store» eller «Google Play». Når du har oppretta brukar, er det berre å finne ein tur, snøre skoa – og legge i veg.
På kvart turmål finn du ein kode som kan registrerast i appen. Dersom du har på GPS på telefonen, kjem koden inn automatisk når du er framme – enkelt og greitt!
Appen gir deg oversikt over alle turmåla, dine eigne registreringar, statistikk og topplister. Om du ynskjer er det mogleg å velje å ikkje verte oppført på topplistene.
Årets turmål
- Turløypa Flatraket
- Alskartinden Flatraket
- Draumeplassen Lefdalsvatnet Bryggja
- Havglimt - Dagturhytta Leikanger
- Sjøglytt – Dagsturhytta Selje
- Tarvaldsegga Selje
- Utsikta på Nordfjordeid
- Sentrumstur Nordfjordeid
- Hornet ved Eidsfjorden
- Dagsturhytta Naustdalskamben
- Gildra Hjelle
- Asbjørnstova Tua
Vi ynskjer alle ein god og aktiv sommar, og håpar mange vil bli med på Stikk UT! Vis omsyn til natur, dyreliv, andre turgåarar og nyt turen.
God tur med Stikk UT!
