Tilskot til inkludering av born og unge i Stad kommune

Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søke om tilskot til aktivitetar retta mot born og unge som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.

Korleis søke: 

1) Sett deg inn i regelverket og informasjonen på nettsida til Bufdir. 

2) Logg inn, fyll ut og send inn søknad i Bufdirs søknadsportal for tilskudd. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal bruke søknadsskjema 2. Søknaden skal knyttast til ein deltakande kommune (Stad kommune). 

Informasjon om ordninga finn ein her: Tilskudd til inkludering av barn og unge | Bufdir

Søknadsfrist er 1. november 2024

Kontaktpersonar i Stad kommune er Arild Vonheim og Mirjam Kreisel