"Utviklingsplan for Stad kommune 2024-2028 - Kommunal planstrategi" er vedtekenUtviklingsplan for Stad kommune 2024-2028 som utgjer Stad kommune sin kommunal planstrategi vart vedteken av kommunestyre 12.september 2024, KS 24/120.Føremålet med ein kommunal planstrategi er å få ein samla oversikt og vurdering av kommunen sitt planbehov i kommunestyreperioden. Planstrategien kan i tillegg gje føringar for kommunen sitt plansystem og planressursar. Planstrategien skal omfatte ei drøfting av kommunen sine strategiske val knytt til samfunnsutvikling, herunder langsiktig arealbruk, miljøutfordringar, sektorane si verksemd og ei vurdering av kommunen sitt planbehov i perioden.I utviklingsplanen for Stad kommune skildrar i tillegg fire satsingsområde som baserer seg på utfordringar og moglegheitar omtalt i sentrale utviklingstrekk. Satsingsområda er område som er kritisk for utviklinga av kommunen og der vi vil å rette ekstra innsats mot.Meir informasjon og sjølve planen finn du her: Utviklingsplan - kommunal planstrategi Publisert 03.10.2024 15.28 Sist endra 03.10.2024 15.28