Varsel om svært kraftige vindkast måndag 21. oktoberMET har sendt ut eit varsel om svært kraftige vindkast på oransje nivå for ytre strøk nord for Sognefjorden til og med Sunnmøre, gjeldane frå 21.10.2024 04:00. Kommuneleiinga har vurdert situasjonen og følgjer utviklinga av vêret kontinuerleg. Tiltak blir sett i verk på område der dette er naudsynt.Oppmodar alle om å sikre lause gjenstandar som vinden kan rive med seg og ikkje opphalde seg i utsette område.Les farevarselet herLes meir om korleis du kan bu deg på uvêr på sikkerhverdag.no Publisert 20.10.2024 19.13 Sist endra 20.10.2024 23.37