Årets tema er «Tillit er beredskap». Når vi kjenner oss trygge på kvarandre, blir det lettare å be om hjelp, stille opp for andre og møte utfordringar saman. Det er ein viktig del av den psykiske beredskapen vår.
Tillit blir bygd i kvardagen
Tillit veks gjennom måten vi møter kvarandre på: heime, på skulen, på jobb, i nærmiljøet og på nett. Når vi lyttar, held det vi lovar og viser respekt, legg vi grunnlaget for gode og trygge fellesskap.
Vi treng ikkje vere einige om alt for å ha tillit til kvarandre. Å møte ulike synspunkt med respekt og nysgjerrigheit kan også styrkje tilliten.
Kvar handling tel
Vi kan alle bidra med konkrete handlingar:
- Spør korleis nokon har det, og ta deg tid til å lytte.
- Inviter med ein som ofte blir ståande utanfor.
- Hald det du lovar, og sei frå dersom noko endrar seg.
- Innrøm feil og sei unnskyld.
- Sei frå når nokon blir snakka ned eller behandla dårleg.
Som kommune har vi også eit ansvar for å byggje tillit gjennom tydeleg informasjon, ved å lytte til innbyggjarane og følgje opp det vi seier.
- Kven kan du gjere kvardagen litt tryggare for i dag?
Stad kommune markerer Verdensdagen for psykisk helse
Stad kommune makerere Verdensdagen for psykisk helse fredag 9. oktober.
Denne dagen inviterer Meistring og Psykisk Helse til stand på ALTI, kl.10.00 - 16.00
Kom gjerne innom for litt servering av kaffi, saft og kake, gode samtalar, lykkehjul med premiar, informasjon og ein hyggeleg prat!
Du treng ikkje ha ein grunn for å stikke innom – kanskje er det akkurat ein liten prat, eit smil eller eit møte med andre som gjer dagen litt betre.
Vi håpar å sjå deg på Alti!
Les meir om verdsdagen og årets tema.