Detaljregulering E39 Skredestranda, skredsikring - kontordag

I samband med at planforslaget Detaljregulering E39 Skredestranda, skredsikring, er på høyring har Statens vegvesen kontordag på trafikkstasjon på Nordfjordeid.

Kontordagen vert halden onsdag 20.09.2023. Om de ønskjer å snakke med Statens vegvesen sine folk om planforslaget er det mogeleg å avtale eit tidspunkt mellom kl.09.00 og 15.30 ved å ringe eller sende melding til tlf. 97738844.