Detaljregulering for Alleen 21 - kunngjering av planvedtakStad kommunestyre vedtok detaljregulering for Alleen 21 i møte den 23. mars, sak 23/036. Illustrasjon av utbygging som planen legg til rette for i Alleen 21. Illustrasjon: Besseggen Arkitekter as Formålet med planen er å legge til rette for utbygging av forretning, kontor og privat/offentleg tenesteyting innanfor planområdet. Det vert sikra areal for gang- og sykkelveg og grøntareal/parkbelte innafor planområdet. Det er planlagt for overflateparkering og mogleg parkering under bakken. KS- 23/036 Vedtak: Detaljregulering for Allen 21 med plan-ID 2022016 vert vedteken i medhald av plan- og bygningslova § 12-12. Kommunestyre sitt vedtak av detaljregulering for Alleen 21 kan påklagast i medhald av Plan- og bygningslova §§ 1-9 og 12-12. Eventuell klage Ei eventuell klage på detaljregulering for Alleen 21 må rettast skriftleg til Stad kommune per e-post til post@stad.kommune.no eller per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 sett til 18. april 2023 (tre veker frå den dagen vedtaket er kunngjort i avisa). Sjå dokumenta i saka her: Sak 23/036 Juridisk bindande dokument: Planføresegner Plankart Planomtale Vedlegg til saka: Illustrasjonar: Situasjonsplan Sol-/skyggestudie vårjamdøger Snitt, begge byggetrinn Perspektiver Analysar/notat: Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) Geoteknisk notat Kort uttale om områdeskredvurdering Notat for overvasshandtering Dokument frå sakshandsaminga: Saksframlegg sak 23/036 med påført vedtak Samla dokument med merknader til offentleg ettersyn Handsaming av innkomne merknader til offentleg ettersyn Referat frå oppstartsmøte Planinitiativ Varsel om oppstart Publisert 27.03.2023 12.55 Sist endra 21.11.2024 16.21