Detaljregulering for bustadområde Bråtet - høyring og offentleg ettersyn med frist 25.08.2023

Detaljregulering for bustadområde Bråtet vart handsama i utval for areal og eigedom i sak 23/084.

UAE- 23/084 Vedtak:
Med heimel i Plan og bygningslova § 12-11 blir detaljregulering for bustadområde Bråtet med plan-ID 2022007 lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. Det vert teke atterhald om  at kommunen kan kome med krav om justeringar i høyringsperioden.

Bustadområdet Bråtet. Plankart til førstegongs høyring og offentleg ettersyn

Føremålet med planen

Føremålet med planarbeidet er å planlegge etterbruk for delar av planområdet for   Massetak i Vedvikmona, plan ID 2001017», frå 18.12.2002. I tillegg er eit tilgrensande  areal, B19, som ligg inne i kommuneplanen sin arealdel teke med for å oppnå gode samanhengande løysingar totalt for området. Planforslaget legg til rette for etablering av totalt 38 bueiningar. Utbygginga er foreslått som blanding av firemannsbustadar, tomannsbustadar, og einebustadar. Maksimal tillaten mønehøgd er 9 meter. Det blir lagt til rette for snarvegar/gangvegar, felles leikeareal, felles parkering og felles  renovasjonsløysing.

Offentleg ettersyn
Offentleg ettersyn skal sikre at offentlege organ, naboar, interesseorganisasjonar og andre får høve til å uttale seg om planforslaget før endeleg vedtak.

Meir informasjon

Saksutgreiinga, plandokument, tilhøyrande rapportar og vedlegg finn du på høyringssaka:

Detaljregulering for bustadområde Bråtet

Du kan òg kome innom rådhuset på Nordfjordeid og få utskrift av dokumenta der.

Merknad til planforslaget

Du har høve til å kome med skriftleg uttale til planforslaget, til dømes om arealbruk, omsyn eller andre relevante opplysningar. Send uttale via innspelsskjema på lenkja over.

Alternativt kan du sende uttale på e-post til post@stad.kommune.no, eller på papirpost til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Frist for å kome med uttale er 25.08.2023.