Detaljregulering for Kalnes næringsområde - kunngjering av planvedtak

Stad kommunestyre vedtok detaljregulering for Kalnes næringsområde i møte den 23. mars, sak 23/037.

Perspektiv av planlagt næringsområde på Kalnes - Klikk for stort biletePerspektiv av planlagt næringsområde på Kalnes. Illustrasjon: Stadsutviklaren

Formålet med planen er å legge til rette for næringsetablering på Kalneset ved Bryggja, som omfattar verksemd knytt til sjømatproduksjon, forsking og kontorplassar for marine næringar. 

KS- 23/037 Vedtak:  

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12, vert detaljreguleringsplan for Kalnes næringsområde, planID 2022012, vedteken. 

Eventuell klage

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jf. forvaltningslova kapittel VI. Ei eventuell klage på detaljregulering for Kalnes næringsområde må rettast skriftleg til Stad kommune per e-post til post@stad.kommune.no eller per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 sett til 18. april 2023 (tre veker frå den dagen vedtaket er kunngjort i avisa).

Sjå dokumenta i saka her:

Sak KS-23/037 med alle dokument

Juridisk bindande dokument:

Vedlegg til saka:

Teikningar:

Analysar/utgreiingar/notat:

Dokument frå sakshandsaminga: