Detaljregulering for Leikanger sentrum - Planendring etter forenkla prosess

Dragebygg AS har på vegne av Stad hotell søkt om planendring etter forenkla prosess for Detaljregulering for Leikanger sentrum med planID 14412019003. Bakgrunnen for saka er at  Vestkapp Eiendom AS ynskjer å vidareutvikle Stad hotell.

Planendringa omfattar område BH2, SK1 og delar av o_VFE2. Planendringa omfattar endring av både kart og føresegner, jf. søknad om planendring s. 2:

Plankart:

•Utvida areal og ny formålsgrense for BH2
•Nytt føresegnsområde #3 innanfor ny BH2 
•Mindre endring av byggjegrense i BH2

Føresegner:
•Endra maks. byggjehøgd for flatt tak i BH2 i §3.2.8
•Opna for gangbru over SK1 i §3.3.8
•Opna for fyllingsfot ut i o_VFE2 i §3.6.1
•Vise til unntaket i for høgd i for #3 i §4.3.1 
•Ny § 5.2 knytt til føresegnsområde #3

Detaljregulering for Leikanger sentrum - Planendring etter forenkla prosess - Høyring og offentleg ettersyn (2).docx (DOCX, 11 MB)

Etter ei samla vurdering opnar kommunedirektøren for planendring etter forenkla prosess av detaljregulering for Leikanger sentrum med planID 14412019003.Søknad om mindre endring med vedlegg og kommunedirektøren si vurdering av søknaden vert sendt på avgrensa høyring til naboar, grunneigarar som vert direkte påverka, Statsforvaltaren i Vestland, NVE, Fiskeridirektoratet og Vestland fylkeskommune. 

Høyringsfrist 27.10.2026. 

Innspel frå sektorstyresmaktene og innspel frå naboar/personar som vert direkte påverka av planendringa vert teke med i vurderinga i samband med vedtak.