Detaljregulering for Lillejordvegen på Flatraket - høyring og offentleg ettersyn med frist 31.10.2023

Utval for areal og eigedom vedtok 9. september å legge detaljregulering for gbnr. 289/49 og 289/71 i  Lillejordvegen på Flatraket ut til andre høyring og offentleg ettersyn.

Lokalisering av planområdet på Flatraket.

Offentleg ettersyn

Offentleg ettersyn skal sikre at offentlege organ, naboar, interesseorganisasjonar og andre får høve til å uttale seg om planforslaget før endeleg vedtak.

Planforslaget

I følgje vedtak i sak for Stad kommunestyre KS 20/201 skal gnr./bnr. 289/71 i Lillejordvegen på Flatraket leggast ut for sal. Eigedomen omfattar Flatraket eldretun. Stad kommune ønskjer å regulere om tomta frå offentleg formål til eit kombinert formål for bustad, forretning, kontor og tenesteyting. Til første høyring og offentleg ettersyn vart planområdet utvida til å omfatte gnr./bnr. 289/49 der det står ein kommunal bustad. Bakgrunnen for utvidinga var å sikre tilstrekkeleg parkeringsareal og eventuelle utvidingsmoglegheiter for Flatraket barnehage.

Etter første høyring er det gjennomført endringar i planen som samla sett gjev behov for ei andre høyring og offentleg ettersyn. Planarbeidet har lagt på vent hjå administrasjonen grunna stor saksmengd. Flatraket eldretun vert for tida nytta til flyktningbustadar, og det har difor ikkje vore aktuelt med sal av eigedomen i denne perioden.

Endringane i planen er skildra i saksutgreiinga og i kap. 9 i planomtalen. 

Plankart til andre høyring og offentleg ettersyn.

Meir informasjon

Saksutgreiinga, plandokumenta og alle vedlegg finn du på høyringssaka:

Til høyringssak 23/3788 - Detaljregulering for Lillejordvegen på Flatraket

Merknader til planforslaget

Du har høve til å kome med skriftleg uttale eller merknader til planforslaget, til dømes om arealbruk, omsyn eller andre relevante opplysningar. Send merknader via merknadsskjema på lenkja over. Alternativt kan merknader sendast per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Fristen for å kome med uttale er sett til 31. oktober 2023.