Detaljregulering for Moldestad næringsområde - kunngjering av planvedtak

Stad kommunestyre vedtok detaljregulering for Moldestad næringsområde i møte den 23. mars, sak 23/039.

Perspektiv av planlagd utbygging på Moldestad næringsområde. - Klikk for stort biletePerspektiv av planlagt utbygging på Moldestad næringsområde. Illustrasjon: Nordplan as

Formålet med planen er å legge til rette for djupvasskai for containerskip og næringsetablering på utfylling i sjø på Moldestad. Dette omfattar verksemd knytt til marine og maritime næringar.  

KS- 23/039 Vedtak:  

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12, vert detaljreguleringsplan for Moldestad næringsområde, planID 201904, vedteken. Administrasjonen får høve til å gjere redaksjonelle endringar i plandokumenta før kunngjering av vedtak. Vedtak av detaljregulering for Moldestad næringsområde kan påklagast i medhald av Plan- og bygningslova § 1-9. 

Eventuell klage

Ei eventuell klage på detaljregulering for Moldestad næringsområde må rettast skriftleg til Stad kommune per e-post til post@stad.kommune.no eller per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 sett til 18. april 2023 (tre veker frå den dagen vedtaket er kunngjort i avisa).

Sjå dokumenta i saka her:

Sak KS-23/039

Juridisk bindande plandokument:

Teikningar/illustrasjonar:

ROS-analyse med vedlegg:

Dokument frå sakshandsaminga/planprosessen: