Detaljregulering for Nordøyrane, del 2 - kunngjering av planvedtakStad kommunestyre vedtok detaljregulering for Nordøyrane del 2 i møte den 23. mars, sak 23/038. Skisse av framtidig situasjon på Nordøyrane. Illustrasjon: ARKI Arkitektar as Formålet med planen er å legge til rette for sentrumsutvikling på Nordøyrane i Nordfjordeid sentrum, med areal til sentrumsbustadar og tenesteyting, som femnar om næring med tilhøyrande kontor og undervisning. KS- 23/038 Vedtak: 1. Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 vert detaljreguleringsplan for Nordøyrane del 2, planID 2022001, vedteken. 2. Reguleringsplanar som blir berørt av detaljregulering for Nordøyrane del 2 (planID 2022001), inkludert alle seinere planendringar og tilhøyrende føresegner, blir oppheva og erstatta. Dette gjeld: a. «Utbyggingsplan for Nordøyrane nord for Fargarelva - Tun 1», planID 2006010, vedteken 05.09.2006, b. Del av «Nordøyrane nord for Fargarelva», planID 2005003, vedteken 02.11.2006, c. Del av «Reguleringsendring Normatic», planID 2008002, vedteken 08.08.2008 Eventuell klage Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jf. forvaltningslova kapittel VI. Ei eventuell klage på detaljregulering for Nordøyrane del 2 må rettast skriftleg til Stad kommune per e-post til post@stad.kommune.no eller per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 sett til 18. april 2023 (tre veker frå den dagen vedtaket er kunngjort i avisa). Sjå dokumenta i saka her: Sak KS-23/038 Juridisk bindande dokument: Planføresegner Plankart Planomtale Vedlegg: VAO-rammeplan VAO-rammeplan - Vedlegg 1 inkl. kart VAO-rammeplan - Vedlegg 2 inkl. kart Områdestabilitetsvurdering og kontrollnotat ROS-analyse Støyvurdering Situasjonsplan Aksonometri A Aksonometri B Konseptanalyse Sol- og skuggeanalyse Synlegheitsanalyse Trafikkvurdering for krysset mellom rv.15 og Sjøgata Dokument frå sakshandsaminga: Saksframlegg med påført vedtak Merknadsskjema etter høyring og offentleg ettersyn, 03.03.2023 Endeleg uttale frå Statens vegvesen, 08.03.2023 Publisert 27.03.2023 22.48 Sist endra 20.09.2024 08.39