Detaljregulering – Masseuttak på Hjelmeland - Melding om vedtakKommunestyret i Stad kommune vedtok i møte 6. februar 20220 – KS-sak 20/026 – detaljregulering for Hjelmeland massetak. Formålet med detaljreguleringa er å legge til rette for uttak av massar innanfor eit avgrensa område ved Bentstølvegen på Hjelmeland. Kva er ein reguleringsplan? Ein reguleringsplan består av ei planomtale og juridisk bindande plankart og føresegner, jf. plan- og bygningslova kapittel 12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området. Informasjon om reguleringsplanen I saksutgreiinga kan du finne meir informasjon om sjølve vedtaket og vurdering av innspel til planarbeidet. Saksutgreiing KS-sak 20/026 Detaljregulering for Hjelmeland massetak Planomtale Plankart Føresegner Innspelsskjema etter planoppstart og 1. gongs høyring Rapport – Støyfagleg vurdering Dersom de ønskjer ei utskrift av dokumenta, kan de ta kontakt med Stad kommune på tlf. 57 88 58 00. Publisert 28.02.2020 09.35 Sist endra 28.02.2020 10.36