Detaljregulering rv. 15 Bjørhovde bru - informasjonsmøte og kontordag

Statens vegvesen inviterer til informasjonsmøte i samband med at planforslaget 
Detaljregulering rv.15 Bjørhovde bru, er på høyring. Dei vil også halde kontordag på trafikkstasjonen på Nordfjordeid.

Informasjonsmøtet vert halde på Vårtun tysdag 19.09.2023 kl. 19.00. Alle er velkomne.

Om nokon ønskjer å snakke med Statens vegvesen sine folk individuelt, er dette mogeleg etter at informasjonsmøtet er ferdig eller i samband med kontordag på trafikkstasjon på Nordfjordeid, onsdag 20.09, mellom kl.09.00 og 15.30. Om de ønskjer kan tidspunkt for møte avtalast ved å ringe eller sende melding til tlf.97738844.