Forslag til ny kommunedelplan for helse og omsorg
Planen vert no lagt ut til offentleg ettersyn for å sikre at innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar, næringsliv og andre interessentar får høve til å uttale seg før endeleg vedtak. Alle er velkomne til å gje sine innspel til planforslaget innan 5. mai 2022.
Forslag - kommunedelplan for helse og omsorg 2023-2035
(Planen kan visast på ei side. Når du står inne i planen er det ein meyn oppe til høgre, der kan du velje: Vis planen på ei side.)
Kunnskapsgrunnlag for kommunedelplan for helse og omsorg 2023-2035 (PDF, 3 MB)
Utfyllande informasjon i politisk sak: F-sak 23/028
Om du har synspunkt på planforslaget, oppmodar vi deg om å sende ei skriftleg uttale slik at dine synspunkt kan bli vurdert før endeleg vedtak.
Kva ønsker vi innspel på?
Vi ønsker tilbakemeldingar på innhald og prioriteringar.
Vi set pris på at du les planforslaget og kunnskapsgrunnlaget og nyttar det som grunnlag for å kome med innspel.
Korleis gje innspel?
Du kan gje skriftleg innspel til planforslaget via
Elektronisk innspelsskjema
- E-post: Merk med uttale til forslag til kommunedelplan for helse og omsorg 2023-2035, send til post@stad.kommune.no
- Brev: Merk med uttale til forslag til kommunedelplan for helse og omsorg 2023-2035, send til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.
Takk for at du bidrar med dine innspel.
Vidare behandling
Når fristen er ute, vil innkomne uttaler bli samanfatta og vurdert før planen vert lagt fram for endeleg behandling til sommaren.