Mindre endring av detaljregulering for nytt busstopp ved Lote

Stad kommune vedtok 08.05.2023 ei mindre endring av detaljregulering for nytt busstopp ved Lote.

Illustrasjon av mindre endring av detaljregulering for nytt busstopp ved Lote. - Klikk for stort bileteIllustrasjon av mindre endring av detaljregulering for nytt busstopp ved Lote.

Stad kommune ved plan og forvaltning vedtok den 08.05.2023 saksnr. 23/879, etter delegasjon frå kommunestyret jf. pbl. § 12-14 andre ledd, mindre endring av detaljregulering for nytt busstopp ved Lote, PlanID 2020001.

Vedtak

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd, vert mindre endring i reguleringsplan for nytt busstopp ved Lote godkjent.

Saksdokument

Den vedtekne reguleringsendringa er straks bindande for framtidig arealbruk i området. Les meir om endringar av plankart og føresegner etter endring i saksutgreiinga i vedtaket på lenkja under.

Vedtak med saksutgreiing

Heile saksgangen kan du sjå her.

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla direkte ved brev. Planvedtaket er òg kunngjort i Fjordabladet og Fjordenes Tidende fredag 16.06.2023.

Eventuell klage

Vedtak av mindre endring av detaljregulering for nytt busstopp ved Lote kan påklagast i medhald av Plan- og bygningslova § 1-9. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 07.07.2023.

Ei klage må rettast skriftleg til Stad kommune og merkast med «23/879» og sendast per e-post: post@stad.kommune.no eller post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere forslagsstillar, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klager på vedtaket.