Mindre endring av reguleringsplan for Øyane og Malakoff

Utval for areal og eigedom vedtok 12.06.2023 ei mindre endring av reguleringsplan for Øyane og Malakoff.

Lokalisering av området der reguleringsplan for Øyane og Malakoff er endra.

Stad kommune vedtok i møte 12.06.2023 saksnr. 23/090 mindre endring av reguleringsplan for Øyane og Malakoff, planID 2005002. Den vedtekne reguleringsendringa er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

UAE-23/090 Vedtak:

I medhald av plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd, vert forslag til mindre endring av reguleringsplan for Øyane og Malakoff – Plan ID 2005002, vedteken. Endring plankart datert 11.05.2023 kjem i tillegg til gjeldande arealplankart datert 14.10.2010.

Saksdokument

Endringa i plankartet gjeld utviding av formålsgrense og planomriss ved F/K/I2 mot Eidselva med eit areal lik 0,06 daa.

Les meir om endringane i planen i saksframlegga og saksprotokollen på lenkja under:

Sak UAE-23/090

Heile saksgangen kan du sjå her.

Grunneigarar og andre er varsla ved brev og planvedtaket er kunngjort i Fjordabladet fredag 16.06.2023, i samsvar med pbl. § 12-12.

Eventuell klage

Vedtak av mindre endring av reguleringsplan for Øyane og Malakoff kan påklagast etter plan- og bygningslova § 1-9. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 sett til 07.07.2023. Ei klage må rettast skriftleg til Stad kommune og merkast med «22/4991» og sendast per e-post: post@stad.kommune.no eller post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere forslagsstillar, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klager på vedtaket.