Utvikling av tenester og samfunn
Programmet vert organisert i fire hovudprosjekt med utgangspunkt i kommunalområda i kommunen – Oppvekst og opplæring, Helse og omsorg, Kultur og samfunn og Sentraladministrasjonen. Sjølv om hovudprosjekta vert organiserte med kommunalområda som utgangspunkt, vil ein i fleire av delprosjekta arbeide på tvers av einingar og kommunalområde.
Alle hovudprosjekta har eit overordna fokus om at organisasjonen skal klare å tilpasse drifta til dei rammene som kommunen har tilgjengeleg. Prosjekta skal i fellesskap gje gevinstar som stettar målet om:
- ein økonomiplan i balanse
- ei forsvarleg og effektiv tenesteyting
- eit sosialt berekraftig samfunn
- eit klimarobust samfunn
Delprosjekt: Innsparings- og omstillingstiltak
Det er utarbeidd ei førebels liste over moglege innsparings- og omstillingstiltak i organisasjonen som ein ønskjer ei politisk vurdering av.
Innsparings- og utgreiingstiltaka er strukturert under dei tre kommunalområda og sentraladministrasjonen.
Dei tiltaka som ein går vidare med må ha politisk forankring og vere vurderte som politisk realistiske tiltak. Utgreiingsprosessar er tid- og ressurskrevjande og det må etablerast ein balanse mellom dagleg drift og omstillingsoppgåver i organisasjonen. Av den grunn vert det kun oppretta delprosjekt for dei innsparings- og utgreiingstiltaka som kommunestyret vedtek skal utgreiast og leggast fram for politisk handsaming.