Spørsmål og svar

Utvikling og omstilling under Robek

19. februar 2025 blei Stad kommune ført opp i Robek-registeret.
 

Kvar kjem kommunen sine inntekter frå - og korleis auke dei?

Kommunesektoren har ei rekke inntektskjelder:​

  • skatteinntekter frå inntekt og formue​
  • statlege overføringar (rammetilskot, øyremerka tilskot mv.)​
  • gebyrinntekter, renteinntekter, eiendomsskatt ​
  • andre særinntekter (kraftinntekter mv.). ​
     

Sidan store delar av kommunesektoren sine samla inntekter er knytt til skatteinntekter og rammetilskot (dei frie inntektene, til saman ca. ¾ i gjennomsnittskommunen), har kommunen avgrensa moglegheiter til å auke inntektsgrunnlaget i løpet av økonomiplanperioden. ​

Moglegheitene knyt seg i første rekke til å: ​

  • innføre/auke eiendomsskatt ​
  • ta ut/auke utbytte frå eigarpostar ​
  • innføre/auke gebyr ​
  • auke renteinntekter ved å byggje opp fond / styrke likviditeten