
I kommuneplanen sin samfunnsdel skal kommunen ta stilling til langsiktige utfordringar og setje mål og strategiar for å utvikle kommunen i heilskap, som samfunn og organisasjon. Samfunnsdelen gir føringar for korleis måla skal gjennomførast i kommunal verksemd, og dannar grunnlaget for planane og arbeidet i kommunalområda.
Kommuneplanen sin samfunnsdel 2026-2038
Kommunen står overfor fleire utviklingstrekk som vil påverke både lokalsamfunnet, tenestene og kommunen si rolle i åra framover. Demografiske endringar, klima- og naturutfordringar, strammare økonomiske rammer, endringar i nærings- og arbeidsliv og aukande forventningar til medverknad og tenestekvalitet stiller nye krav til kommunen si planlegging og prioritering. I møte med desse utviklingstrekka har kommuneplanen sin samfunnsdel ei sentral rolle som overordna styringsdokument for kommunen si langsiktige utvikling.
Samfunnsdelen skal også bidra til å styrkje kommunen si evne til omstilling og langsiktig ressursforvaltning. I ei tid med raske endringar og aukande kompleksitet er samfunnsdelen viktig for å skape samanheng mellom utfordringar, mål og gjennomføring. Planen skal vere eit aktivt styringsverktøy som gir retning for vidare planarbeid, økonomiplanlegging og politiske prioriteringar, og samtidig bidra til felles forståing for korleis kommunen skal utviklast i framtida.
Oppfølging av planen
Kommuneplanen sin samfunnsdel vert følgd opp gjennom underliggjande temaplanar, kommunedelplanar og tilhøyrande handlingsplanar. Samla dannar dette planverket grunnlaget for handlingsprogrammet i økonomiplanen. Her blir mål og tiltak konkretiserte innanfor ei fireårig ramme, med prioriteringar knytte til økonomi, ansvar og gjennomføring.
Vidare konkretiserer verksemdsplanane kva som skal gjennomførast det enkelte året. Gjennom jamleg rapportering og evaluering kan kommunen følgje utviklinga og vurdere om ein er på rett kurs i arbeidet med måla i samfunnsdelen. Summen av desse elementa legg til rette for ei heilskapleg og målretta oppfølging av kommuneplanen sin samfunnsdel.
Tida framover vil vere prega av systematisk arbeid med å forankre og følgje opp samfunnsdelen, både politisk, administrativt og i lokalsamfunnet. Det inneber at føringar i samfunnsdelen skal leggjast til grunn i politiske vedtak, tenesteutvikling, organisasjonsutvikling, økonomiplanlegging, prosjekt og utarbeiding av andre kommunale planar.
For å sikre at samfunnsdelen blir teke aktivt i bruk, må planen vere godt kjend i organisasjonen og blant politikarane. Dialogen med innbyggjarar, næringsliv, frivillige og andre samarbeidspartnarar er viktig, slik at samfunnsdelen blir eit felles grunnlag for utvikling av kommunen.
Ellen Karin Storevik