Ny samfunnsdel peikar ut retninga for kommunenKommunestyret har 18. juni vedteke revidert samfunnsdel til kommuneplanen. Samfunnsdelen er kommunen sitt viktigaste overordna styringsdokument og peikar ut retninga for utviklinga av kommunen dei komande åra.Planen byggjer på innspel frå innbyggjarar, næringsliv, frivillige lag og organisasjonar, tilsette og politikarar. Gjennom planarbeidet er det sett mål, satsingsområde og strategiar for korleis kommunen skal utviklast som ein god stad å bu, arbeide og leve.Samfunnsdelen er eit felles grunnlag for kommunen sine prioriteringar og legg føringar for politiske vedtak, tenesteutvikling, økonomiplanlegging, prosjekt og andre kommunale planar.Vedtaket markerer starten på den viktigaste delen av planarbeidet – å omsetje mål og strategiar til konkrete tiltak og handlingar. I tida framover vil kommunen arbeide vidare med å forankre samfunnsdelen politisk, administrativt og i lokalsamfunnet, slik at planen blir eit aktivt verktøy for utviklinga av Stad kommune.Du kan lese den vedtekne samfunnsdelen her: Kommuneplanen sin samfunnsdel 2026-2038 Publisert 02.07.2026 12.10 Sist endra 02.07.2026 13.39